Namdal Historielag presenterer lokalhistorie fra Namdalen

”Årbok for Namdalen” er nå i salg hos bokhandlerne for 51. gang.

 

Bokmelding fra styret i Namdal Historielag

 

”Og det var Karen Lovise –

hun gjætte i Løvsjøli”..

 

I boka ”På bygdevei og sætersti” skriver Teodor Caspari om gjæterjenta Karen Lovise fra Løvsjølia i Sørli. Som voksen virket hun som jordmor i heimbygda en drøy mannsalder. Som pensjonert ”gammeljordmor” forteller hun i ”Årbok for Namdalen 2009” om sitt liv og levnet til Gottfred Totsås. Vi gjengir her noe av det som ble fortalt:

 

Fosterheim

 

”Treveker gammal blei eg sett bort til fosterforeldre. Berret og Olle Løvsjøli, kalt Båsdal i dagleg tale. Det var min første store gåve her i livet. For snillere, meir omsorgsfulle og livskloke fosterforeldre kunne eg ikkje fått. I livssituiasjonen dei var i, ville truleg dei fleste prioritert andre oppgåver enn å ta seg av eit fosterbarn i tillegg til guten dei sjølv hadde. Berret og Olle var forpaktarar av ein liten husmannsplass oppi Løvsjølia som tilhøyrte Ola og Ane Storaunet. Hundre kroner i forpaktaravgift for året, var ikkje akkurat småpengar først på 1900-talet. I tillegg hadde dei kårplikt til han Benkt-Hansa Løvsjøli, som var kårkall på plassen. Han skulle ha 3 liter mjølk om dagen. Ein sekk med poteter og ein sekk med mjøl for året. Kvar tiande fisk skulle han ha i gytetida. To sauer skulle dei fore og stelle for han, og hoggje og køyre heim veden han trong. Klyve veden gjorde han sjølv.

 

Gjetarskogen

 

Nokon form for skilnad mellom meg og deira eigen onge, såg eg aldri. Eg fekk heller litt ekstra omsorg og varme. At det ikkje trongs overflod for å ha det bra som barn, fekk eg lære allereie da, sjølv om situasjonen Berret og Olle var i, gjorde at eg måtte gjere nytte for meg tidleg. Sommaren før eg skulle starta på skola, blei det gjætarskogen. I buskapen var det kyr, sauer og geiter. …Første sommaren såg ein av fosterforeldra til meg ein gong midt på dagen. Det var nesten enda verre enn om dei ikkje hadde komme. Gråten var sjeldan langt unna, når dei tusla heim til eigne plikter – med meg og buskapen aleine i skogen. Men etter kvart kjende eg meg fullstendig trygg saman med husdyra. Dessutan hadde g Tura, ei gråhundtispe. Ho var god å finne, for det var ikkje uvanleg at eg fekk nokon av dei store rovdyra på besøk. Både ulv og gaupe fekk eg sjå på nært hald. Geitekillingane var gode og tillitsfulle leikekameratar. Dei hang rundt meg overalt.

 

Oppvekst

 

Verda utafor gjetarskogen og Berret og Olle sin varme omsorg, kunne vere nådelaust av og til. Å gå for ”lausonge” på bygda, opplevde eg som dødeleg urett og sårande. Det forsterka også trongen for kontakt med min eigen biologiske far. Etter at eg fekk veta kven han var, skreiv eg mangt eit håpefullt brev, utan at det oppstod nokon form for kontakt. … Første skolevinteren var eg i Sandvika. Deretter på Skjelbred. Da kunne eg bo hos mi eiga biologiske mor. Ho var berre vanleg tenestetaus. For ei tenestejente å få ein onge utafor ekteskap på den tida, var ei stor skam, og det same som at barnet måtte setjast bort til fosterforeldre”.

 

Samarbeidet mellom Karen Lovise og intervjueren Gottfred Totsås har resultert i en unik beretning, om et menneske og et liv som i utgangspunktet ikke hadde det beste utgangspunktet. Årboka 2009 inneholder ellers som vanlig lokalhistorie fra mange ulike miljøer, fra grensen og ut til de drivende garn, som det heter. Her finnes beretninger om gullgravende prelater, om trollpakk i Bangsjøtraktene, gammeldags matstell, martnasliv, spioner, bureisere og mordere, om barneleik og naturkatastrofer. Emnene fordeler seg på nær 30 bidragsytere. Omtrent en fjerdepart  av stoffleverandørene er kvinner. Det er trolig rekord i Årbokas historie!

 

Årets redaksjon sier de har hatt som målsetting bl.a. å lage en mest mulig allsidig årbok, med spredning i temavalg fra så vel gammel som fersk historie med artikler fra alle deler av Namdalen, og hvor alle aldersgrupper og kjønn kunne finne noe som de syntes var interessant.  De har videre hatt et ønske om å gjøre den oppvoksende slekt kjent med vår lokale historie, ikke minst med tanke på identitet og tilhørighet. Det er opp til leserne å bedømme om målene er nådd, men styret i Namdal Historielag synes at redaksjonen har kommet langt i å realisere målene, og er svært godt fornøyd med arbeidet som er nedlagt. Årets utgave av ”Årbok for Namdalen” er redigert av en komitè på fem medlemmer fra både sjø-, dal- og fjellbygder. Dette har trolig bidratt til den geografisk gode spredningen innholds-messig som vi synes boka utviser, og som også hvert år er en viktig målsetting for historielaget. Styret i Namdal Historielag ønsker lykke til med lesinga, og slutter oss til redaksjonens håp om at alle vil finne noe leseverdig mellom permene!